Bilde som lyg
Eit bilde seier meir enn tusen ord. Men det er ikkje alt bilda fortel som er sant. Appar og dataprogram har gjort det raskt og enkelt å endre korleis du ser ut på bilde og video. Spesielt i sosiale medium.
Her ser du to influensarar som viser kor lett det er å bruke filter for å endre korleis dei ser ut i sosiale medium.
Kva er retusjert reklame?
I reklame skal alt helst sjå perfekt ut. Både menneske og ting. Ofte blir kroppane i reklamen endra på for å sjå så bra ut som mogleg. Å endre bilde på denne måten kallar vi retusjering.
Slik reklame kan føre til kroppspress. Det er lett å samanlikne seg sjølv med dei perfekte menneska på reklamebilda. Dette kan bidra til at barn og unge får dårlegare sjølvtillit. Derfor står det i lova at all reklame der størrelsen, fasongen eller huda til ein kropp er retusjert, skal merkast med eit spesielt merke.
Merket til høgre viser at personane i reklamen er endra på, og ikkje ser slik ut i røynda.

