Illustrasjonsbilde av mange logoer.

Logoeksponering

Har du lagt merke til at stort sett alle produkt du kjøpar har logo på seg, kva med logoane som henger utanfor butikkar, eller alle dei logoane som pregar kleda til ein idrettsutøvar?

Det er det vi kallar logoeksponering. Logoeksponering er ein av dei mest vanlege former for reklame. Det er særleg tre tilfelle av logoeksponering:

  • I reklame eller på reklameskilt
  • På produkt
  • Gjennom sponsoravtalar

Særleg på idrettsarrangement er det vanleg å sjå mange forskjellige logoar og merkevarer prege både drakter, utstyr og idrettsarenaer.

Logoeksponering gjer deg som forbrukar til eit vandrande reklameskilt. Når du går med klede eller utstyr med logo på, er du faktisk med på å styrke og skape oppmerksemd rundt den aktuelle merkevara.

Definisjon

Logoeksponering er reklame der ein logo eller merkevare blir eksponert for å skape merksemd

Trykk deg tilbake til “Reklame overalt” for å lære meir om kor du finn reklame.