NN: Saka med den falske Lotto-millionæren

Megafin kajakk blir gitt bort grunna Lotto-premie!

Har vunne i Lotto og bestemt meg for å leggje inn åra. I og med at eg eigentleg aldri har lagt dei noko særleg ut. Har plane om å kjøpe med romaskin. Åtvaring: det å padle ER faktisk veldig slitsamt.
Mykje meir slitsamt enn å segle f.eks. Men viss du er ein av dei som ønsker deg «overkropp a la kajakk» har det iallfall aldri kvart rimelegare å få tak i utstyret. Det er gratis. Kom og hent.

Panasonic 42 tommar siflatskjerm blir gitt bort grunna Lotto-premie
Har vunne i Lotto og gir bort alt eg eig. Inkludert ein flattskjerm-tv til 17 000. Galskap seier du? Då har du ikkje sett monsteret eg skal erstatte han med. Panasonicen er din viss du hentar den. Heilt gratis!

I 2013 kunne ein finne denne og over 100 ulike slike annonsar på FINN.no. I annonsane skreiv
«Fredrik» at han hadde vunne i Lotto. Han hadde derfor funne ut at han ville begynne med blanke ark. Alt han eigde og hadde skulle givast bort. Annonsane var i form og innhald likt det vi normalt finn på FINN.no.

Annonsane fekk naturlegvis mykje merksemd. Til saman blei dei sett over 362 000 gongar. «Fredrik» fekk over 32 000 e-post frå folk som tok kontakt for å få dei ulike eigedelane. Dette førte til at trafikken på «gi bort-torget» på FINN.no auka med 22 % i perioden annonsane låg ute. Det viste seg i verkelegheitene at det heile var eit reklamestunt iscenesatt av Norsk Tipping. Det fanst ingen lottomillionær. Det som var opplyst å vere gratis eigedelar som blei gitte bort, var i verkelegheita ein konkurranse der det blei sendt ut e-post med reklame om Norsk Tipping til alle som tok kontakt. Mange av eigedelane var i verkelegheita handla på Fretex og andre bruktmarknader.

Marknadsrådet (MR-2013-207) slo fast at marknadsføringa var ulovleg, sidan han var urimeleg og villeiande. Han var heller ikkje tydeleg merket som reklame. Norsk Tipping måtte betale eit lovbrotsgebyr på kr 200 000.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *